Røkleivhytta

Åpningstider:

tirsdag
26. mai
Stengt
onsdag
27. mai
Stengt
torsdag
28. mai
Stengt
fredag
29. mai
Stengt
lørdag
30. mai
Stengt
søndag
31. mai
Stengt
mandag
01. juni
Stengt

Bestyrere/hytteverter:

BUL
Ikke servering
Egen hjemmeside
Røkleivhytta

Foto: Eivind Molde, 18.05.2014

Om Røkleivhytta

Røkleivhytta ligg i Rødkleiva, rett nedanfor Tryvann, ein kort gå- eller skitur frå Lillevann stasjon. Hytta er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo, men kan leigast av alle.
Hytta er stor og romsleg med sitjeplassar til minst førti i storstova, og med sengjeplass til 15-20 personar. Kjøkenet er stort og fungerer fint til matlaging.
Med T-bane: Ta t-bana til Lillevann stasjon. Kryss over sporet og fortsett nordover på vestsida av sporet langs vegen Rødkleivfaret. Etter fem minutt kjem du til ein parkeringsplass. Gå så tjue meter nedover ein grusveg før du tek til høgre inn i skogen. Fylg stien over den gamle skiløypa og vidare. Etter 10-20 minuttar, avhengig av snømengder og fysisk form, kjem du til hytta. Det er ca. 600 meter å gå.

Med bil: Køyr til Rødkleivfaret og parker på parkeringsplassen heilt inst i vegen.

Du kan fylgja sumarmerka sti heilt til du ser ei stor, mørkebrun hytte. Då er det berre ein nedoverbakke og ein oppoverbakke igjen.

Samarbeidspartnere